fredag 12. desember 2014

Nye vottemønster er i svevet!

Vi i Vottelauget dryssar sju nye vottemønster ut til folket no i desember.
Judith (til venstre) og Tori (til høgre). Foto: Ann Myhre
Desember er månaden for gåvedryss og overraskingar. Vi i Vottelauget gler oss til å snart sleppe laus sju heilt ferske vottemønster i "Flere votter fra eventyrskogen". Ja, for sju slag skal det sjølvsagt vere!

Du kan vinne denne nye e-boka om du følgjer med her på bloggen vår framover: I morgon, på Luciadagen/Lussimesse, legg vi ut foto og nokre hint om det første mønsteret, og då kan alle vere med på å gjette kva for eit eventyr desse vottane er inspirerte av. Allereie i dag kan vi røpe såpass at det er Torirot/Tori Seierstad som har laga mønsteret.  Velkomen til ei eventyrleg førjulstid i lag med oss! 


4 kommentarer:

  1. Å så spennende. Har strikket i hvertfall fem av de fra den første boken. Gleder meg til denne nye boka kommer også :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Til Rødtopp: Vi er imponerte - og nysgjerrige: Har du strikka heile fem mønster frå den første e-boka vår? Vis dei gjerne fram slik at vi og andre får sjå! (Vi fann ikkje noko på bloggen din?)

      Slett
  2. Svar
    1. Hei idapanda, vi har allereie beundra Nøkken-vottane dine på bloggen din, i stilig, frostkledd landskap! Snart får du altså fleire vottemønster som du kan varme deg med!

      Slett