søndag 16. august 2015

Over tusen vottevenner

Denne helga runda vi tusen venner i Facebook-gruppa vår! Hurra! Vi gratulerer Torbjørg Odlo som vart medlem nr. 1000. Ho får ein garnpremie med herleg vottegarn direkte frå Gotland, via Ann i Vottelauget. Ni andre (tilfeldig trekning) får velje seg eit gratis vottemønster frå Toris samling på Raverly

Så moro at det finst så mange votte-entuasiastar rundt omkring! Dette er ei perfekt nedteljing til papirboka vår Eventyrvotter som kjem om få dagar.  Hugs også den uhøgtidelege konkurransen  #vottesommer, der du heilt fram til 25. august kan vise fram vottemønster frå e-bøkene våre. Nye premiar ventar!


Foto: Fridas eigne variantar av mønsteret "Reveenka", i selskap med gamle selbuvottar.

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med nok en milepæl - 1000 vottevenner er ikke småtterier (og tenk på alle de tommeltottene da! ;-) )
    Lykke til og gratulerer med papirboka - vi er nok mange som gleder oss til den!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hjarteleg takk, Babben! Kanskje vi skal stifte "Tommeltottstrikkeriets venner" også ...? Eg er i alle fall veldig glad i vottetommelen når han er ferdigstrikka ... No har vi alle fall slutta å tvinne tommeltottar, for i dag kom altså papirboka :-)

      Slett