søndag 23. august 2015

Tommelise - babyvottar

" ... og Tommelise frøs i den kolde luft, men så krøb hun ind under fuglens varme fjer og stak kun det lille hoved frem for at se al den dejlighed under sig." 
(H. C. Andersen)

Babyvottane Tommelise har vi halde hemmelege lenge, men no er altså boka Eventyrvotter endeleg ute, og den vesle skatten kan visast fram. 

Med berre nokre få gram garn kan du med dette  mønsteret raskt lage ei personleg gåve til ein liten venn. Oppskrifta finst i to størrelsar: "nyfødd" og "3-6 mnd", som enkelt blir justert med strikkefastheit.

Dei rosa fuglane er strikka i Rauma Finull, medan dei grøne fuglane er i eit smørmjukt alternativ, nemleg det økologiske garnet "Cheeky Merino Joy", handfarga av Ninapetrina i Troms.

Kanskje kjenner du igjen motivet? Dei to fuglane har letta frå kvar sin tommel på vaksenvottane Grantreet, for å varme små hender i vinteren som kjem.

Tommelise kan strikkast både i sprelske og avdempa fargar, alt etter kva du likar best. På Raverly ligg det allereie foto og forslag, til inspirasjon. Huldra til dømes, hjelper deg gjerne på veg inn i eventyret: Dei brune og kvite vottane er laga i Huldra kamgarn frå Hillesvåg, og er lette å bere med seg: Vekta viser fjørlette 5 gram per vott. 
Alle foto: Møyfrid (Frida) Engeset

2 kommentarer: