torsdag 1. oktober 2015

Fuglane er landa. Og kven vann?

Foto/copyright: Kathrin Storheil (montasje: M. Engeset).
I heile september har vakre fuglar blitt forma i masker og viste fram, både i Facebook-gruppa vår, og på Instagram under emneknaggen #vottefugl. Hurra for alle som har deltatt i septembersamstrikkinga!

Kathrin Storheil starta med  å leggje ut eit undervegs-foto (til venstre) seint ein måndagskveld, då følgde ho nemleg valvaka på tv. Og ikkje lenge etter dukka det ferdige votteparet opp: Nattergalen i delikate, avdempa fargar i garnet Drops Karisma. Gratulerer, Kathrin, du vart uttrekt som vinnar mellom alle bidraga som kom inn på Facebook. Den spesiallaga strikkeposen vår er snart undervegs til deg, med nokre mjuke overraskingar oppi.


Foto/copyright: Mari Stormo (montasje: M. Engeset)
På Instagram trekte vi ut profilen marihonasknit, altså Mari Stormo, som under den korrekte knaggen #vottefugl viste fram to søte Tommelise-par strikka i restegarn.  Mari har også skrive om desse babyvottane på bloggen Marihønas lille garnverden, og det er moro å sjå at ho allereie er i gang med eit nytt par frå boka vår, nemleg Bukkene Bruse.

Gratulerer Mari, du får snart premien i posten, nemleg eit strikkepinneetui - med vottemotiv (så klart!).

Foto/copyright: Turid Engløkk (montasje: M. Engeset)
Aller helst skulle vi ha gitt premie til absolutt alle som deltok, men i tillegg til dei to vinnarane (som altså var tilfeldig trekning) vil vi gjerne gi ekstra applaus til Turid Engløkk, som stilte med heile fire ferdigstrikka par i denne uhøgtidelege konkurransen. Tre ulike Grantreet-vottar (alle med stilige stjerner påsydde i toppen), pluss eit vakkert par Gullfuglen i finull. Turid, strikkeposen vår med Eventyrvotter-motivet er snart på veg til deg. 


Vel, no har vi vinka farvel til september, og seier hallo til oktober, med #votteflora. For no blir det nye vinnar-sjansar! Denne månaden vil vi altså inspirere til frodige vottefoto på Instagram. Ta gjerne med deg dei ferdigstrikka fuglevottane frå september, eller anna og nytt strikk frå boka vår, og ta ein tur utandørs på jakt etter fotomotiv.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar