lørdag 18. oktober 2014

Reveenka på frifot

(foto av Cecilie: Sylvi Sørensen
på Sjølingstad Uldvarefabrikk)
Reveenka sit ikkje lenger inne på laurdagskveldane og ventar på gode råd. Nei, no svinsar ho rundt på verdsveven, og viser seg fram i all si prakt! 

Cecilie var den perfekte modellen då vi viste fram dette fargesterke mønsteret for første gong, under Strikkedagene på Sjølingstad. 

Cecilie er ein av oss åtte i Vottelauget, og ho var også garn"langaren" min då eg leita etter passande fargar i det heilt nye Tumi-garnet frå Rauma (ull & alpakka)  i sommar. Då hadde eg allereie laga dame- og herremodellen i Peer Gynt, og var på jakt etter eit tynt og mjukt garn til barnemodellen. Og Tumi vart det!


Men korleis starta denne dragninga mot dyreriket? Jau, som mangt anna her i livet vart nok frøet sådd i barndommen, då eg lærte å lese ved hjelp av Donald Duck og Tuss og Troll, og såg eventyrfilmane til Ivo Caprino på Barnetv, til auget vart stort og vått. 


I sommar hadde eg ei nostalgisk opprydning i barndomsheimen min, samtidig som vi i Vottelauget utveksla ulike idear på den hemmelege gruppa vår på Facebook. Då eg sorterte desse gamle Tuss og Troll-hefta, samtidig som eg fann klassikaren Peer Gynt i garnlageret, fall fargepaletten eventyrleg raskt på plass! 

Revefjesa i diagrammet henta eg frå min eigne revevottar frå i fjor haust, og etter ein sveitt og trøblete start vart eg og Excel bestevenner denne sommaren. (Og Torirot/Tori Seierstad hjelpte også til, med både teknikk og teststrikk!) Eg forma om revane til bjørnar, ulvar og harar - og til slutt dukka også katten Korse opp, på tommelen på damevotten. 
Toppen på damevotten forma eg som eit stilisert møne med ein liten glugge midt på, inspirert av revehuset der langt inne i eventyrskogen.  På fotoet (over) ser du modellparet mitt i Peer Gynt, på kvar side av  Toris "Reveenka i sommersol", som ho teststrikka i full fart med Rauma Finullgarn, samtidig som ho ga meg lure tips til forbetringar .

damemodellen Reveenka var ferdig, og diagram-mekking i Excel berre ein fest, var ikkje vegen lang til herremønsteret Bjørnen og reven, og barnemønsteret Haren og reven. (Lenker til Raverly). Desse dyriske figurane kan varierast i det uendelege! 

Når mammaer mekkar mønster og fotograferer, 
strekkjer pappaer og søner seg så langt dei kan!

Kva fargar kan du tenkje deg å strikke Reveenka i? Sjølv har eg lagt oker og dei andre originalfargane til side ei stund no, for å sleppe andre til. Difor kan du vinne garnpakkar frå lageret mitt om du går inn på bloggen min: Silkesauen. Frist: Tysdag (21. okt.) før midnatt!


Her er er litt av det nye som ligg i Reveenka-strikkekorga mi akkurat no: Alt er i Tumi-garn, men altså i heilt andre fargevariantar enn grunnmodellane: Til venstre herre-modellen (... men sidan Tumi er mykje tynnare enn Peer Gynt, blir dette ca størrelse dame medium). Damemodellen ligg i midten (... no ca dame liten), og barnevotten til høgre, i ein polarrev-variant. Og heilt til høgre? Starten på ei polarrev-hue!


Frå "Norske folkeeventyr I " av Asbjørnsen og Moe,
utgitt på Det Norske Samlaget (2001)
Men e-bok-eventyret er slett ikkje ute! I morgon her på bloggen går stafetten vidare: Då fortel Torirot/Tori Seierstad om vottemønsteret Tornerose.  




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar