søndag 14. desember 2014

Flere votter fra eventyrskogen *** 2 ***

Tori veit godt kva desse vottane heiter, men kva trur du ...? (foto: Ann Myhre)
Kva er tittelen på desse vottane, skal tru? Gjettar du rett, kan du vinne den nye e-boka vår
"Flere votter fra eventyrskogen", som vi lanserer om få dagar. Skal eg gi nokre hint på vegen, kanskje? Som at eventyret vottane er inspirerte av kan passe godt no når jula nærmar seg?


Her ser du nokre variantar av vottane. Dei grøne er teststrikka av Tori, i 2-tråds Sjølingstad-garn. Eg som har laga mønsteret, har mellom anna prøvd ut ulike raudfargar, her i garnet Ask frå Hifa. 

På dei mørkaste vottane er det sydd på ei gyllen stjerne som dekor, og i oppskrifta oppmuntrar eg til å gjerne pynte endå meir. Ja, kvifor det, spør du kanskje? 

Og kvifor ser motivet på baksida så nakent ut? Fuglen på tommelen har eg plassert som ei lita trøyst, faktisk. (Ei svale kanskje, eller ein gråspurv?) For dette eventyret er både vakkert, vemodig - og til ettertanke.  Språkleg er dette reine kunsten, for å leggje ut endå eit lite spor ...

Den første som svarar rett på denne eventyrlege gåta, får altså eit eksemplar av den nye e-boka vår. Men ser du at nokon allereie har funne tittelen på eventyret, kommentér likevel!  Ein tilfeldig utvald får nemleg også sjansen til å få e-boka vår.

Fristen for å kommentere går allereie ut i dag, ved midnatt, altså søndag 14. desember kl 23.59! Dei to vinnarane blir annonserte i morgon (måndag), samtidig med dei to frå laurdagens gjettekonkurranse.

I morgon viser vi eit nytt mønster frå e-boka - då med tittel! Så følg gjerne med vidare!

15 kommentarer:

  1. Kopi av kommentar frå "Flotte votter"-gruppa på Facebook, sidan ho ikkje fekk lagt inn her:
    May-lis Brest Jonassen: Reisen til julestjernen

    SvarSlett
  2. Prøver med Reisen til julestjernen :)

    Hilsen Trudi Skrataas :)

    SvarSlett
  3. Juletreet. Norskfolkeeventyr handler om grantre som vil bli juletre nydelig og vedmodig

    SvarSlett
  4. Jeg tror det er "Grantreet" av H.C. Andersen.

    SvarSlett
  5. Juletreet. Norskfolkeeventyr Handler om garanterer som ville bli juletre. Vedmodig og litt trist klokeord

    SvarSlett
  6. Oi, her hadde jeg virkelig ikke peiling, selv om jeg har lest en del H.C. Andersen, men det begynner nok å bli lenge siden jeg leste dette. Rart med det, tiden går og man kjenner seg igjen i grantreet ... Så da henger jeg meg litt freidig på og svarer "Grantreet" av H.C. Andersen.

    SvarSlett
  7. Det må jo være "Grantreet". Nesten utvisket av hukommelsen merker eg. Flotte votter i hvert fall.

    SvarSlett
  8. Det første som slår meg er grantreet, som flere har sagt her. Vottene var nydelige og så håper jeg boka kommer veldig snart, gleder meg til å få sett resten :)

    SvarSlett
  9. Jeg kender desværre ikke de norske folkeeventyr så godt, så mit bud er også Grantræet af H.C. Andersen
    Hilsen Conny

    SvarSlett
  10. Grantre av H C Andersen. Til ettertanke.
    //Berit

    SvarSlett
  11. Må være Grantreet. Hilsen Marit

    SvarSlett