torsdag 20. august 2015

Papirboka er her!

Bok-babyen vår kom tidlegare enn venta! Fem dagar før "termin" flaug Eventyrvotter ut frå trykkeriet, og vi i Vottelauget trippar no etter å få halde vedunderet i hendene.

Difor er vi temmeleg misunnelege på alle dei i Facebook-gruppa vår som har vore så lure å førehandsbestille boka via ein nettbokhandel (som f. eks. Haugen Bok) og som i dag har fått Eventyrvotter rett i postkassa. 

Frå i morgon kjem vi til å presentere dei nye vottemønstera våre her på bloggen, éin etter éin. Først ut er Tori, med eit "bevinga" eventyr ... Så følg med!

Foto: Fram- og bakside av boka. Layout: Kitty Ensby/Aschehoug. 

3 kommentarer:

  1. Så moro. Har bestilt boka hos den lokale bokhandleren, synes det er viktig å støtte opp lokalt :) Gleder meg til boka!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, du har rett, Sylke! Å støtte bokhandelen og garnbutikken i nærmiljøet vil vi også gjerne vere med på. Vi i Vottelauget har vore i kontakt med lokale butikkar der vi bur (også Husfliden), og veit at fleire har bestilt boka vår.

      Slett
    2. PS: Vi planlegg også å arrangere strikkekveldar o.l. i lag med lokale garnbutikkar m.m. Så snart vi har konkrete datoar skal vi leggje ut info. både her på bloggen og på Facebook.

      Slett